St.Nikuls
Informasjon : St. Nikuls var skytshelgen for Eidsborg stavkyrkje. Der blei det utført eit
unikt katolsk rituale, men med element frå heidensk tid, frå mellomalder til
rundt 1750. Kvar sankthans vart ein statue av St. Nikuls bore ut og ført tre
gonger rundt kyrkja og Eidsborgtjønni, der den vart rituelt vaska. Dette
vart gjort for å få gode avlingar og reinse bort synder. Dersom
helgenbiletet tok til å sveitte under prosesjonen, kunne denne sveitten ha
låkjande kraft. Elementet med ofringar for å få gode avlingar stammar truleg
frå den norrøne tro og guden Njord. Filmen viser ritualet gjenskapt som
historisk spel, som har vore gjort sidan 2003.
Ã…r : 2004
Lengde : 00:04:32.72